Vatningsrestriksjonar for Sogndal og Kaupanger (Oppheva)

Det er innført vatningsrestriksjonar for område knytt til Sogndal vassverk (Sogndal og Kaupanger) frå 17.07.2026 kl. 00:00.

Desse restriksjonane blei oppheva 31.07.2026 21:40.

Vatning med spreiar

Restriksjonane gjeld inntil ny melding blir gitt. Situasjonen blir vurdert fortløpande.

Bakgrunn

Vassforbruket i forsyningsområdet er særs høgt, med spesielt høg belastning på ettermiddag og natt. Dette medfører at hovudbassenga vert tappa ned, sjølv om dei blir fylt opp kontinuerleg.

Det betyr at forbruket no er høgare enn det vassverket klarar å produsere og levere over tid. Restriksjonane er difor nødvendige for å sikre stabil vassforsyning.

Dersom forbruket ikkje går ned, kan konsekvensane bli:

  • Vidare tapping av vassreservar
  • Svekka tilgang på vatn til kritiske funksjonar, til dømes brannsløkking
  • Behov for strengare tiltak

Dette er ikkje tillate

  • Vatning av plen, hekk og hage med slange eller spreiar
  • Bruk av automatiske vatningsanlegg
  • Fylling av basseng, badestamper og liknande

Dette er tillate

  • Vanleg naudsynt bruk av vatn i hushald (drikke, mat, hygiene)
  • Avgrensa vatning med kanne av:
    • Nyplanta vekstar
    • Matvekstar i hage

Vi ber alle i Sogndal og Kaupanger om å følgje restriksjonane, og redusere vassforbruket til det mest nødvendige.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?