Vatningsrestriksjonane er oppheva
Vatningsrestriksjonane for Sogndal og Kaupanger er no oppheva. Restriksjonane har bidrege til ein betydeleg reduksjon i vassforbruket, og situasjonen er no stabilisert.
Vatningsrestriksjonane for Sogndal og Kaupanger er no oppheva.
Etter ein periode med høgt vassforbruk har nedbør og redusert vassuttak ført til at situasjonen har stabilisert seg. Restriksjonane som vart innførte 17. juli er difor ikkje lenger nødvendige.
Sogndal kommune vil rette ein stor takk til innbyggjarane. Vatningsrestriksjonane vart i stor grad respekterte, og førte til ein betydeleg reduksjon i vassforbruket.
Vi oppmodar framleis alle om å bruke vatnet med omtanke.
Gode råd ved tørre og varme periodar
- Vatn heller sjeldan og grundig enn ofte og lite.
- Vatn om morgonen eller kvelden for å redusere fordamping.
- Samle gjerne opp regnvatn til hagevatning.
- Kontroller utekranar og hageslangar for lekkasjar.
- Unngå unødvendig vassforbruk når det er lange periodar med varmt og tørt vêr.
Sist oppdatert
Leis meir?
Meir informasjon om smart plenvatning finn du hos NIBIO:
