Turtips i sommar
Ser du etter nye turmål i sommar? Med Stikk UT! Sogn får du tilgang til over 160 turar i Sogndal, Vik og Luster, med gode turskildringar, GPS-spor og moglegheit til å registrere turane dine i ein personleg turlogg.

Det er framleis sommar, og gode moglegheiter til å utforska nærturområda våre.
Last ned og bruk Stikk UT! appen for å bli inspirert til nye turmål, få gode turskildringar og gps-spor til ditt neste turmål. Stikk UT! Sogn er ein del av Noregs største turtrim, og lag og organisasjonar i Sogndal-, Vik- og Luster kommunar har saman med Sogn Friluftsråd oppretta over 160 turar. Enten for turplanlegging, deltaking i konkurranse eller for å kunne registrere og ha i din eigen personlege turlogg.
Kva med å utfordre deg sjølv og bli melde deg på ein av Stikkutfordringane?
Sogn Friluftsråd har laga ein Stikk UT! Sogn-film. Sjå den Lenke til et annet nettsted. og lær korleis du brukar appen.
Sist oppdatert
