Hugs lusesjekken!
Bli med på årets kampanje mot hovudlus
Denne helga, 30. og 31. august, er det tid for årets kampanje mot hovudlus.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet oppmodar alle føresette til å sjekke barn og andre familiemedlemmer for hovudlus denne helga.
For å kjempe mot hovudlus er det viktig at så mange som mogleg sjekkar seg samtidig. Då kan lus bli oppdaga og behandla samstundes, noko som bidreg til å hindre vidare smitte.
Du finn instruksjonar og gode råd om korleis du oppdagar og fjernar hovudlus på Folkehelseinstituttet sine nettsider: Råd om hovudlus Lenke til et annet nettsted.
Takk for at de er med og bidreg! 🪮
Sist oppdatert

Bilete er KI-generert
Slik sjekkar du for hovudlus
- Fukt håret, og bruk gjerne balsam.
- Legg eit kvitt handkle over skuldrene.
- Bruk lusekam.
- Ver systematisk og gre nøye gjennom alt håret, frå hovudbotnen og ut til hårtuppane.
- Tørk av kammen jamleg på eit papir for å sjå etter lus. Etter nokre minutt vil du sjå om det finst lus som rører på seg.
- Sjekk både handkleet og kammen for lus og egg.
- Bruk gjerne forstørringsglas og godt lys. Då er det enklare å få auge på både lus og egg.
Fann du det du var på jakt etter?
