Ryddeaksjon 10.sept

Sogndal kommune jobbar saman med Framtidshavet for ein rein Sognefjord. Kvart år rydda me opp forsøpling frå fjorden. Bli med du og!

Fjorden treng oss – og tida for å handle er no. Me ser kva forsøpling gjer med naturen, dyrelivet og våre eigne leveområde. Kvar plastbit me fjernar, tel. Kvar einaste innsats, liten som stor, er med på å snu utviklinga. Marin forsøpling er eit stort problem, som påverkar livet i havet og alle som har noko med havet å gjera.

💚 Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden.

Ryddelag og hygge

Spre bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.

👉 Les meir og meld deg på her: Rein Sognefjord — Framtidshavet Lenke til et annet nettsted.

I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.

Framtidshavet set av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg. For å få dekkja utgifter til mat og drikke på dugnadsdagen, må ein ryddeleiar organisera og ta ansvar for at sitt ryddelag vert registrert.

Refusjon av utgifter til mat og drikke

Skular, lag og organisasjonar, kommunar og privatpersonar som har hatt utlegg til mat og drikke (alkohol vert ikkje dekt) i samband med ryddedugnaden Rein Sognefjord, kan søkje om refusjon.

Det er dokumenterte, faktiske utgifter som vert dekte, med ei øvre ramme på inntil 100 kroner per deltakar
Trykk her for å laste ned refusjonsskjema. xlsx, 12 kB.

Til den som melder seg som lokal ryddeleiar:
Roller og oppgaver — Framtidshavet Lenke til et annet nettsted.

Sekkar og hanskar til ryddeaksjonen kan etter avtale hentast i Sogndal på kommunehuset. 

Har du ikkje moglegheit til å få henta desse sjølv, vil me prøve å få til anna utlevering (gjeld for større ryddegrupper i Leikanger, Balestrand og Fjærland).

Det vil verte utplassert nokre sekker ved container på sjølve ryddedagen.

Ta kontakt med marianne.ovrid@sogndal.kommune for utlevering.

Hentestadar: 

Bryggjegota, Dampskipskaien, 6856

Sogndal

Fjærland ferjekai, 6848

Fjærland

Holmen, Balestrand kai, 6899

Balestrand

Riverdalen 5-7, 6863

Leikanger

Kaupanger ferjekai, 6854

Kaupanger

Sist oppdatert

rein sognefjord

Rein Sognefjord?

Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag

Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden

Når: Sjå https://www.framtidshavet.no/reinsognefjord Lenke til et annet nettsted. for årets dato

Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden

Det vert lagt til rette for at det er mogeleg å rydde i dagane før og etter dugnaden, og oppmoda til rydding gjennom heile strandryddeveka, sjå https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/strandryddeuka/ Lenke til et annet nettsted.

Fann du det du var på jakt etter?