Kondolanseprotokoll og helsingar

Det er lagt ut kondolanseprotokollar for Kong Harald V fleire stader i Sogndal kommune.

Her finn du kondolanseprotokollar i Sogndal kommune:

  • Balestrand: Helsetunet og Holmatunet ved biblioteket
  • Leikanger: Sjukeheimen og Saften ved biblioteket
  • Sogndal: Kulturhuset, SHOS og kommunehuset
  • Kaupanger: Kaupanger skule
  • Fjærland: Busenteret

Kondolanseprotokollane vil vera tilgjengeleg til etter gravferda onsdag 9. september. Ved arbeidsdagens slutt den dagen vert protokollane som kommunen har ansvar for, samla inn og sende til slottet.

Det er elektronisk kondolanseprotokoll på kongehuset.no Lenke til et annet nettsted.

Gravferda 9. september

Sogndal kulturhus syner direktesendinga frå gravferda frå NRK på kinolerretet i Storsalen.
Alle som ynskjer å sjå sendinga er velkomne.
Det er gratis, og du treng ikkje billett: Kong Harald Vs gravferd | Sogndal kulturhus Lenke til et annet nettsted.

I den nasjonale veiledninga for den nasjonale sørgeperioden, står det at gravferdsdagen ikkje er ein offisiell fridag, men den enkelte skule, studiestad eller arbeidsgjevar kan vurdera om det er mogleg å la elever, studentar og arbeidstakarar følgja gravferda gjennom TV-sendingane. Det vert også påpeika at det vil vera naturleg å visa særleg omsyn denne dagen, til dømes ved å vurdera å stogga støyande arbeid i perioden gravferda pågår.

Meir informasjon finn du på regjeringen.no: Hans Majestet Kong Haralds bortgang - Veiledning til den nasjonale sørgeperioden - regjeringen.no Lenke til et annet nettsted.

Blomar og helsingar

Dei som ynskjer å leggja ned blomar og andre helsingar, kan gjera det framfor kommunehuset i Sogndal, framfor Saften på Leikanger og ved flaggstanga på Balasletta i Balestrand.

Sogndal kommune flaggar på halv stang ved kommunale bygg.

Opne kyrkjer

I kyrkjene kan du sitje i stillheit, be, tenna lys og skrive ei helsing i kondolanseprotokollen. Den offisielle kondolanseprotokollen er i Stedje kyrkje.

Informasjon om opningstider og anna finn du på nettsida Sogndal kyrkjelege fellesråd Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Blomebukettar og kort, flagg på halv stang

Blomar og helsingar framfor kommunehuset i Sogndal. (Foto: Mariann Skau)

Lys, protokoll og bilete av Kong Harald

Det er mellom annan lagt ut kondolandsprotokoll ved biblioteket på Saften på Leikanger. (Foto: Mariann Skau)

Fann du det du var på jakt etter?