Me inviterer: folkemøte om Kvåle idretts- og aktivitetspark

Kva skal framtidas Kvåle idretts- og aktivitetspark vera?

Tysdag 13. oktober
Kl. 18.00–20.00
Sogndal vidaregåande skule, Trollsalen (like innanfor hovudinngangen)

Raud markering viser inngongen til rommet der møtet er.

Raud markering viser inngongen til rommet der møtet er.

Sogndal kommune inviterer til folkemøte om utviklinga av Kvåle idretts- og aktivitetspark. Området skal vidareutviklast til ein inkluderande og framtidsretta møteplass for skule, idrett, leik, eigenorganisert aktivitet og sosialt fellesskap – for barn, unge, vaksne og eldre.

På folkemøte får du informasjon om prosjektet og høve til å kome med spørsmål og innspel.

Kva ønskjer du deg på Kvåle?

Kva aktivitetar, møteplassar og fasilitetar meiner du området bør ha? Kom og bli med å forme framtidas Kvåle!

Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Silje Fimreite på silje.fimreite@sogndal.kommune.no

Sist oppdatert

Innanfor den raude streken er området som skal utbetrast

Innanfor den raude streken er området som skal utbetrast.

Fann du det du var på jakt etter?