Ny vellukka ryddeaksjon i Sognefjorden med Rocket-Man
Rocket-Man, Sogn Friluftsråd og Naturvernforbundet inviterte ungdomar med på ein større ryddeaksjon etter suksessen med søppelrydding i Vik tidlegare i år.
.jpeg)
Fiskeskøyta Fjordryddaren «Dag-Viggo» som til vanleg har base i Solund vart leigd inn heile helga. Sjølv om hovudmålet med turen var å rydde søppel langs fjorden baud helga på mykje meir, me laga god mat, spelte spel og ungdomane fekk prøve å fridykke.
Laurdag gjekk turen til Revsnes ferjekai i Lærdal. På berre nokre få timar samla ungdomar og vaksne inn over 500 kilo søppel. Mellom funna var både plast, anna bos, skotsskrot og flaskepostar som hadde drive i land.
Ryddeaksjonen synte nok ein gong kor mykje avfall som framleis finn vegen til fjorden og strendene våre, men også kor stor forskjell ei gruppe kan gjere på nokre timar. Me ser at ungdomane får noko ut av å vere med å plukke søppel, og gjere ein forskjell for naturen.
Å ta med ungdomar på ei lærerik og sosial helg fylt med store naturopplevingar, samtidig som ein gjer ein konkret innsats for miljøet, er ei oppskrift som fungerer godt. Aktivitetane Rocket-Man arrangerer skal bidra til tryggleik, meistring og tilhøyrsle, og ryddehelga ved fjorden er eit godt døme på nettopp dette.
.jpeg)
Sist oppdatert
Visste du?
Rocket-Man har i løpet av året gjennomført ei rekkje kjekke aktivitetar saman med ungdomane. Vil du sjå meir av det me held på med, finn du oss på Instagram: @rocketmansogndal.
Tilbodet veks stadig, og gruppa tel no 17 ungdommar og 11 aktivitetsguidar. Dersom du arbeider med ungdom i kommunen og kjenner nokon som kunne hatt glede av å vere med, er du velkomen til å ta kontakt med Astrid Torsvik, prosjektleiar for Rocket-Man.
E-post: rocket-man@sogndal.no
.jpeg)
.jpeg)
.jpeg)
