Innbyggarapp med "Kva skjer?"-kalenderen
Sogndal kommune testar no innbyggarapp som ein informasjonskanal til innbyggarane. Her får du både aktivitetskalenderen «Kva skjer?» og annan informasjon me trur vil vera nyttig for deg.
Sogndal kommune testar no innbyggarapp som ein informasjonskanal til innbyggarane. Her får du både aktivitetskalenderen «Kva skjer?» og annan informasjon me trur vil vera nyttig for deg.
Erstattar "Kva skjer?"-appen
«Kva skjer?»-kalenderen, som mange har hatt som app på telefon eller nettbrett, går inn i den nye innbyggarappen. Du må difor lasta ned «Innbyggerappen» og velja «Sogndal kommune», for å framleis ha aktivitetskalenderen til kommunen som ein app på telefonen.
Last ned Innbyggerappen her:
- App Store: Innbyggerappen Lenke til et annet nettsted.
- Google Play: Innbyggerappen Lenke til et annet nettsted.
Tilpassa interessene dine
I appen vil du mellom anna få informasjon frå kommunen, informasjon frå Simas, vêr- og vegmeldingar og eigne sider der me har samla informasjon særleg tilpassa ulike livsfasar.
I appen finn du naudinformasjon som viktige telefonnummer og møteplassar i ein krisesituasjon. Denne informasjonen vil også vera tilgjengeleg for dei som har lasta ned appen, sjølv om nettet er nede.
Du får også mogelegheit til å velja kva type informasjon du helst vil ha, slik at innhaldet automatisk blir best mogeleg tilpassa det du er interessert i.
Fleire kommunar
Mange kommunar nyttar Innbyggarappen. Er det fleire kommunar du kjenner deg heime i, kan du, i tillegg til Sogndal, også leggja til andre kommunar når du har lasta ned appen. Det kan også vera aktuelt å nytta innbyggarappen som besøkande i ein kommune. Både Sogndal og andre kommunar har informasjon særleg retta mot denne gruppa i innbyggarappen. Du kan enkelt byta mellom heimkommunen din og andre kommunar inne i appen.
Hjelp oss å testa
Me håper du vil lasta ned Innbyggerappen, og bli med og testa om dette kan vera ein god informasjonskanal for Sogndal kommune.
Har du innspel eller tilbakemelding, kan du kontakta oss på nettsida@sogndal.kommune.no
Kva skjer?-kalenderen vil framleis også vera tilgjengeleg som nettside Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert

.png)