Ny ordning for kontakt med planavdelinga

Me innfører ei ny ordning for enklare kontakt med planavdelinga. Ordninga kom på plass onsdag 30.09.2026.

For å vere meir tilgjengelege og sikre raskare oppfølging av nye førespurnader og nye saker, ønskjer me at de tek kontakt på vår felles e-postadresse eller vårt felles telefonnummer. Førespurnaden vil deretter bli fordelte vekentleg til rett sakshandsamar internt.

Målet med ordninga er å sikre betre oversikt, kortare responstid og ei meir effektiv handtering av saker. Me håpar den nye løysinga vil bidra til ei betre oppleving for både innbyggjarar, konsulentar og andre som tek kontakt med oss. Ordninga vil bli evaluert i desember 2026.

Dersom du allereie har ein pågåande plan- eller dispensasjonssak kan du kontakte din sakshandsamar direkte.

Sist oppdatert

Kontakt planavdelinga:

Tlf: 476 24 536
E-post: plan@sogndal.kommune.no

Telefontida er frå kl. 12.00 - 14.00 måndag til fredag.

Fann du det du var på jakt etter?