Opna den nye storstova på Leikanger

Laurdag var det offisiell opning av Saften og Drægnisalen.

- Det er ikkje tilfeldig at salen og bygget har vorte slik det er i dag. Me har valt å utvikla Saften som den nye storstova på Leikanger, sa ordførar Stig Ove Ølmheim til dei mange som hadde møtt fram for å få med seg opningsarrangementet i Drægnisalen, den nye kultursalen i Saften på Leikanger.

- Mest mogeleg bruk

Dei tidlegare fabrikklokala er bygde om, og bygget er utvikla med nye funksjonar. Saften inneheld butikkar, frisør, bibliotek, ungdomsklubb, frivilligsentral, treningssenter, idrettshall, kultursal og administrasjonslokale for Sogndal kommune - i tillegg til fellesareal med sitteplassar.

- Eg er veldig nøgd og utruleg stolt over resultatet, sa ordføraren.

Han understreka at målet for nye Saften er mest mogeleg bruk, sju dagar i veka frå morgon til kveld. Også for fleirbruks- og kultursalen Drægnisalen er målet mest mogleg bruk.

- Me håper at salen skal vera til glede for heile Indre Sogn og ikkje minst for alle som bur på Systrond.

Lokal saft og kultur

Opninga gjekk føre seg ved at ordføraren opna ei flaske lokal saft og serverte til driftsansvarleg for Saften, Frode Ølmheim.

På programmet for opningsarrangementet stod konsert og kulturelle innslag med Tor Talle og Halvard Gjerde, Gunn Kvaale, We Met In June, Svein Røysum, Brødrene TTT, Skraol og Leikanger Musikklag. Konferansier var Roar Werner Vangsnes.

Som del av opningsarrangementet var det også opne hus på ungdomsklubben, biblioteket, frivilligsentralen, treningssenteret og i administrasjonslokale til kommunen. Opninga var lagt til Fruktbare dagar, og dei frammøtte kunne difor også få med deg den tradisjonelle haustmarknaden og aktivitetar i og utanfor Saften denne laurdagen.

Sist oppdatert

Tre personar på scena

Ordførar Stig Ove Ølmheim, driftsansvarleg Frode Ølmheim og konferansier Roar Werner Vangsnes. (Foto: Ole Kristian Åset)

Tre personar med gitar og mikrofon på scena.

We Met In June og Gunn Kvaale (t.h.). (Foto: Ole Kristian Åset)

Fann du det du var på jakt etter?