Tryggleiksdagane
Små grep kan gjere bustaden tryggare. Ta turen innom utstillinga på Sogningen Storsenter, eller bli med på fagprogrammet på Trivseltunet.
Små endringar i heimen kan gjere ein stor forskjell. Ved å førebyggje fall, brann og andre ulukker kan vi bidra til at fleire kan bu trygt heime lengst mogleg, meistre kvardagen og behalde sjølvstendet sitt.
Ta turen innom utstillinga på Sogningen Storsenter, eller bli med på fagprogrammet på Trivseltunet, Fossetunet 1A, 6856 Sogndalsfjøra (1. etasje).
Alle aktivitetane er gratis, og alle er hjarteleg velkomne – både små og store!
Velkomen!
Utstilling - Den trygge bustad
Besøk den mobile utstillinga 19.-21. oktober
Sogningen Storsenter – 2. etasje, ved ARK (der Tingbui var tidlegare)
Offisiell opning med ordføraren tysdag 20. oktober klokka 10.00
Utstillinga er bemanna desse tidene:
Tysdag 20. oktober 10.00–14.00 og 15.30–17.00
Onsdag 21. oktober kl. 10.00–17.00
Her møter du fagpersonar som kan svare på spørsmål og gi deg konkrete råd og tips om korleis du kan gjere heimen tryggare. Det er mogleg å sjå utstillinga også utanom desse tidspunkta, men då er det ubemanna.
Du kan mellom anna sjå praktiske døme og hjelpemiddel for:
- stove
- kjøkken
- bad
- soverom
- inngangsparti
Fagprogram
Tysdag 20. oktober kl. 13.00–14.30
Bli med på ein hyggeleg og lærerik økt på Trivselstunet, Fossetunet 1A, 6856 Sogndalsfjøra (1. etasje). Me får besøk av ulike fagpersonar som vil dele kunnskap og gode råd om tryggleik og meistring i kvardagen.
Tid | Tema |
13.00–13.10 | Velkomst og informasjon |
13.10–13.30 | Bu trygt heime – ergoterapi og hjelpemiddel |
13.30–13.45 | Branntryggleik i bustaden |
13.45–14.00 | EL-tryggleik heime |
14.00–14.10 | Helse og aktivitet |
14.10–14.20 | Bustadtilpassing og moglegheiter |
14.20–14.30 | Oppsummering og avslutning |
Det blir høve til å stille spørsmål, slå av ein prat og få gode tips.
Tryggleiksdagane er eit samarbeid mellom Sogndal kommune, ergoterapitenesta, helse- og aktivitetstenester, Sogn brann og redning, Det lokale eltilsynet, Husbanken, Trivselstunet, eldrerådet og andre samarbeidspartnarar.
Sist oppdatert
19.–21. oktober 2026
Sogndal kommune inviterer til arrangement og aktivitetar med fokus på tryggleik, førebygging og det å kunne bu trygt og godt heime.
Ta turen innom utstillinga på Sogningen Storsenter, eller bli med på fagprogrammet på Trivsesltunet.

