Feira med kranselag på Nye Trudvang skule

Eirik Rygg, Bjarte Ramstad, Jarle Skartun, Stig Ove Ølmheim, Frode Grøttebø, Kenth Rune Teigen Måren, Leander Fimreite Cirotzki og Silje Kristiansen poserer under den opphengde kransen. Foto: Mariann Skau

Tysdag 13. oktober 2026 feira Sogndal kommune ein historisk milepæl med kranselag på nye Trudvang skule. Med tett tak var markeringa først og fremst ein stor hyllest til dei dyktige arbeidarane som reiser bygget. Eit stort prosjekt som er forma av barna, bygd av dyktige fagfolk og reist for framtidige generasjonar i kommunen vår.

Barna i sentrum og stolt tradisjon

Sidan skulen blir bygd for barna, var det ekstra stas at elevrådsleiar Leander Fimreite Cirotzki (10 år) og nestleiar Silje Kristiansen (9 år) fekk hovudrolla under heidringa. Dei vart sendt opp i lift for å heise og sette den tradisjonsrike kransen heilt opp på toppen av bygget – eit prov på at dette er barna sin skule. Feiringa baud på både omvisning, kaker og god stemning, noko du kan sjå glimt frå i YouTube-videoen frå markeringa Lenke til et annet nettsted..

Prosjektleiar for totalentreprenøren, Eirik Rygg, tok dei frammøtte godt i mot før rektor Bjarte Ramstad opna kranselaget med eit stort smil og understreka kor stas det er å sjå konturane av skulen forme seg.

Deretter la både ordførar Stig Ove Ølmheim og skulesjef Frode Grøttebø vekt på den enorme innsatsen til handverkarane og kva dette bygget vil bety for framtida:

– Det har gått utruleg fort, og det kjem ikkje av seg sjølv! Ein stor takk går til alle dei som har arbeidd gjennom sommaren og stått på for å få dette fantastiske bygget reist, understreka ordføraren.

Leander Fimreite Cirotzki og Silje Kristiansen bærer kransen før dei skal opp i liften. Foto: Mariann Skau

Forma av elevane sine draumar

Historia om nye Trudvang skule starta for fire år sidan. Elevar ved skulane i sentrum vart utfordra til å utforske korleis deira draumeskule burde sjå ut, og tok i bruk alt frå Minecraft og Lego til penn og papir.

Frode Grøttebø minnest særleg ein stor samling på hotellet der over 60 elevar var samla for å forme framtidsbygget.

– Denne samlinga satte spor, ikkje berre for dei hotelltilsette som måtte rydde opp etter fri popcorn og soft-is, men også for meg og for prosjektet. Ein elev frå 2. klasse sa det så fint: «Ingen må gå aleine».

Dette sitatet vart sjølve grunnsteinen i visjonsboka for skulen og eit sentralt krav då fem arkitektforslag vart evaluerte i 2024. Vinnarprosjektet, «Høgt og lågt», utmerkte seg ved å ta elevane sine ønskje på alvor med eit moderne og skikkeleg lekkert uttrykk som harmonerer godt med bygningsmiljøet i bygda.

Leander Fimreite Cirotzki og Silje Kristiansen tek seg ein velfortent kvil. Foto: Benedicte Hole

Historisk satsing og lokal verdiskaping

Ordførar Stig Ove Ølmheim la vekt på kvifor kommunen prioriterar så sterkt i ei tid der kvar krone tel:

– Kvifor bygger vi i Trudvang? Jo, vi bygger fordi vi har folkevekst i bygda, og vi skal vere best på oppvekst! Vi lånar alt, fordi vi investerer i framtida. Dette er den største investeringa Sogndal kommune nokosinne har gjort.

Det vekte og stor glede då det vart klart at det var lokale verksemder frå Sogn som vann anbudet og fekk oppdraget med å realisere storsatsinga. Prosjektet sikrar dessutan lærlingplassar på tvers av alle fag, noko som gjer at skulen byggjer verdifull kompetanse i regionen allereie før dørene har opna.

Byggjer for dei neste 50 åra

Når første byggjesteg står klart om ni månader, opnar det seg nye dører til kunnskap, vennskap og framtidsdraumar. Men arbeidet stoppar ikkje ved det som skjer på byggjeplassen i dag.

– Vi byggjer ikkje berre for elevane som går på skulen i dag. Vi byggjer for born som enno ikkje er fødde, og som skal starte på skulen om 50 år, understreka skulesjefen.

Nye Trudvang skule vert eit bygg for heile bygda – reist i fellesskap av engasjerte elevar, dyktige handverkarar og eit flott lokalsamfunn. No gler vi oss skikkeleg til dei første dørene opnar om ni månader!

Sist oppdatert

Det var ei stor samling for dei inviterte. Foto: Mariann Skau

Høgt under taket. Foto: Mariann Skau

Det var kake og burger til alle som ville ha. Foto: Benedicte Hole

Rektor Bjarte Ramstad saman med elevrådsrepresentantane Leander Fimreite Cirotzki og Silje Kristiansen. Foto: Benedicte Hole

Eirik Rygg snakkar til dei frammøtte. Foto: Benedicte Hole

Fann du det du var på jakt etter?