Kulturprisen 2026:
Nominer din favoritt! 

Kvart år deler Sogndal kommune ut ein kulturpris til nokon som har gjort ein stor innsats for det frivillige og profesjonelle kulturlivet i kommunen.
Send inn forslag til vinnar innan 15. november!
 

Sogndal kommune sin kulturpris vert delt ut til personar, lag, organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulere til vidare aktivitet, og skal vise fram og applaudere innsats som kjem både kulturlivet og heile samfunnet i Sogndal kommune til gode.

I desember skal kulturprisen for 2026 delast ut og no har du moglegheita til å foreslå kven du meiner bør bli årets vinnar! Det einaste du treng å gjere er å sende inn ditt forslag i lag med ei kort grunngjeving til postmottak@sogndal.kommune.no innan 15. november.

Vedtekter for Sogndal kommune sin kulturpris Lenke til et annet nettsted.

Vinnaren mottek eit verk av kunstnar Estelle Bourdet og kr 20.000.-.

I fjor var det eldsjel og Showtime-gründer Louise Tveito som vel fortent fekk tildelt kulturprisen. Louise mottok prisen for sitt engasjenemt for barn og unge, og for bruke sang, musikk og dans til å vekke både kulturinteresse og meistringskjensle i den oppveksande generasjon.

Tidlegare vinnarar er, Marianne Hoff (2024) Roar Werner Vangsnes (2023) Terje Vatlestad (2022), Vreid (2021) og Geir Hjetland (2020).

Vinnaren av prisen vert valt ut av utval for levekår, og delt ut av kommunestyret.

Sist oppdatert

Louise Tveito fekk overrekt kulturprisen frå ordførar Stig Ove Ølmheim i 2025. (Foto: Mariann Skau)

Tidlegare vinnarar av kulturprisen:

Kulturprisvinnarar i Sogndal kommune

Fann du det du var på jakt etter?