Ny frist for å søka barnehageplass
Frå 2027 er søknadsfrist for barnehageplass 1. februar.
Skal du søkje barnehageplass til barnet ditt, eller kjenner du nokon som skal? Då er det viktig å merke seg at søknadsfristen er endra.
Frå og med opptaket til barnehageåret 2027-28 er fristen for å søkje barnehageplass 1. februar, mot tidlegare 1. mars. Vi oppmodar alle føresette om å sende søknaden i god tid før fristen.
Kjenner du familiar med små barn som kan vere aktuelle for barnehageplass? Hjelp oss gjerne med å spreie informasjonen om den nye fristen.
Barnehageplass søkjer du gjennom føresettportalen Lenke til et annet nettsted.. Meir informasjon om opptak og søknad finn du på nettsidene til Sogndal kommune.
Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?
