Tilskot til inkludering av barn og unge 2027

Bufdir har lyst ut tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge» for 2027. 

Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og tilbod om sommar- og deltidsjobb. 
Målgruppa er barn og unge i alderen 0-24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søkje?

Frå 2027 er det berre frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrert i Frivilligregisteret på søknadspunktet som kan søkje om tilskot gjennom denne ordninga. Kommunar og andre offentlege aktørar kan ikkje lenger søkje.

Kva kan det søkjast om tilskot til?

  • Fritids- og ferieaktivitet
  • Jobbtilbod
  • Utstyrssentral
  • Lokal fritidskasse
  • Aktivitetsguide
  • Open møteplass
  • Utprøving av arbeidsmodellar
  • Sentralledd i verksemder med aktivitet og rekruttering i minst 10 kommunar

Når er søknadsfristen?

Søknadsfristen er 13.november 2026.

Kommunen si rolle

Kommunen deltek i tilskotsordninga og skal rangere søknader frå lokale søkjarar før søknadene blir vurderte av Bufdir. Ungdomsrådet skal gje innspel på rangeringa til kommunen.
Kommunen har frist 15.01.27 for å sende inn rangeringa.

Kommunen inviterer i tillegg til informasjons- og rettleiingsmøte for lag, organisasjonar og andre aktuelle søkjarar. Det blir arrangert opne møte på frivilligsentralane i kommunen, der det vil bli gitt informasjon om ordninga og moglegheit for hjelp og rettleiing i samband med søknadsarbeidet.

Informasjonsmøte:

Sogndal frivilligsentral: tysdag 3.november frå kl.18.00

Balestrand frivilligsentral: onsdag 4.november frå kl.18.00

Leikanger frivilligsentral: torsdag 5.november frå kl.18.00

Meir informasjon

Les meir om tilskotsordninga og søk her:

Bufdir Tilskot til inkludering av barn og unge 2027 Lenke til et annet nettsted.

Regelverk og forskrift Lenke til et annet nettsted.

Bufdir søknadsportal Lenke til et annet nettsted.

Kontaktperson i Sogndal kommune

Jarle Teo Andersen
jarle.teo.andersen@sogndal.kommune.no
45298464

Sist oppdatert

Barn som hopper paradis

Illustrasjonsfoto: Patrick Dongo/Sogndal kommune

Fann du det du var på jakt etter?