Eigenberedskapsveka – kva gjer du viss nettet ikkje fungerer?

Korleis kan me blir betre førebudd på å handtera situasjonar der mobilnettet og internett ikkje fungerer som normalt?

Det er tema for Eigenberedskapsveka 2026 som startar måndag 26. oktober.

Informasjon på Campus/høgskulen i Sogndal

Onsdag 28. oktober vil Sogndal kommune, Sivilforsvaret og Bygdekvinnelaget i Sogndal vera til stades og informera om eigenberedskap på Campus/høgskulen i Sogndal i lunsjtida. Me vil mellom anna fortelja om Innbyggerappen, der du får viktige informasjon frå Sogndal kommune. I Innbyggerappen finn du også beredskapsinformasjon sjølv om nettet ikkje fungerer.

Last ned Innbyggerappen Lenke til et annet nettsted.

Informasjonspunkt i ein krisesituasjon i Sogndal kommune

I ein større krisesituasjon, med bortfall av straum og normal kommunikasjon, har kommunen faste oppmøtestader der innbyggarar kan koma i kontakt med kommunen.

  • Sogndal: Sogndal helse- og omsorgssenter, Plassen 2, 6856 Sogndal
  • Leikanger: Leikanger sjukeheim, Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger
  • Balestrand: Balestrand helsetun, Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand

Enkle grep styrkjer eigenberedskapen

DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halda kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.

Her er fire av dei:

  • Ver ein beredskapsven.
  • Skaff ein DAB-radio.
  • Lad opp batteribank og utstyr.
  • Vurder abonnement på ulike mobilnett.

Du kan lesa meir om råda på www.dsb.no/ekombortfall Lenke til et annet nettsted.

Kan du klara deg sjølv i ei veke?

Norske styresmakter rår til at flest mogleg er førebudde på å klara seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatane må prioritera dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise.

På nettsidene til DSB Lenke til et annet nettsted. kan du lesa meir om eigneberedskap og sjå kva du bør ha heime, få gode råd og testa kor godt førebudd du er viss mobilnettet og internett ikkje fungerer.

Meir informasjon om eigenberedskap på nettsida til Sogndal kommune Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Er du førebudd på å mista nettet?

Kva gjer du viss mobilnettet og internett ikkje fungerer som normalt? Test deg sjølv på nettsida til DSB Lenke til et annet nettsted.

Illustrasjon av mor og barn som sit rundt bordet utan netttilgang

(Illustrasjon: DSB)

Fann du det du var på jakt etter?