Snakka med studentar og elevar om eigenberedskap
Onsdag var Sivilforsvaret, Sogndal Bygdekvinnelaget og Sogndal kommune i kantinene på høgskulen og Sogndal vidaregåande for å informera om eigenberedskap.
Reidunn Hess Leirdal frå Sogndal Bygdekvinnelag, Inger Marie Ensrud frå Sivilforsvaret og Benedicte Hole og Halvard Gjerde frå Sogndal kommune i høgskulekantina. (Foto: Mariann Skau)
Denne veka er det den nasjonale eigenberedskapsveka. Årets tema er korleis me kan vera førebudde på å handtera situasjonar der mobilnettet og internett ikkje fungerer som normalt.
Sivilforsvaret, Sogndal Bygdekvinnelag og Sogndal kommune rigga seg onsdag med stand på Campus i Sogndal, og kunne mellom anna by på informasjon om:
- mat og anna ein bør ha på lagar Lenke til et annet nettsted.
- korleis ein kan vera førebudd på bortfall av internett og mobilnett Lenke til et annet nettsted.
- kvar ein kan møta kommune viss all kommunikasjon er nede
- innbyggarappen til kommunen, der ein mellom anna finn beredskapsinformasjon
Me vart tekne svært godt imot, og hadde gode samtalar om viktige tema. Mange deltok også i kviss om eigenberedskap, og dei som vann premiar, er kontakta på SMS.
Takk for at me fekk koma på besøk!
Sist oppdatert
Mariann Skau frå Sogndal kommune og Siri Flatland frå Sivilforsvaret i kantina på Sogndal vidaregåande skule. (Foto: Halvard Gjerde)
