I tillegg til personopplysningslova har mellom anna følgande lover betydning for Sogndal kommune si handsaming av personopplysningar.

Offentlegheitslova med forskrifter inneheld reglene for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg for ålmenta, og når eit dokument ikkje er offentleg. Sogndal kommune praktisera meiroffentlegheit, det vil si at kommunen så langt det er mogleg gjer til at dokument skal vere offentlege. Forvaltningslova inneheld sakshandsamingsreglar for korleis saka di vil bli handsama i kommunen. Som part i saka har du særskilte rettigheitar, m.a. om innsyn i saka sine dokument.

Arkivlova gir regler om korleis arkivskapar skal handsame og oppbevare saksdokument, og levering til arkivinstitusjon.

Helseregisterlova inneheld reglar om korleis helseopplysningar som vert samla inn vil bli handsama, m.a. korleis opplysningane vert sikra, kven som har tilgang og om dei kan leverast ut til andre.