Større sosialt nettverk

Fjøratreff
Å vera sosial i lag med andre er viktig for alle, og det er helsebringande! Ynskjer du eit større sosialt nettverk kan Fjøratreff i Sogndal vere noko for deg!
Påtysdagar frå kl. 18-20.00 er det kveldsmat og sosialt på Fjøratreff i Trivselstunet i Fossetunet 1 - i nyoppussa lokale med flott fjordutsikt. I tillegg har me av og til quiz, spelekveld eller andre aktivitetar. Tilbodet er for alle vaksne i Sogndal og nabokommunane. Det er gratis, utan påmelding, og du kan komme innom ein liten tur eller vere heile kvelden. Alle er velkomne!
Følg med på aktivitetskalendaren Kva Skjer Lenke til et annet nettsted. for å få med deg kommande arrangement. Du kan også følge Fjøratreff Lenke til et annet nettsted. på Facebook eller Fjoratreff Lenke til et annet nettsted. på Instagram.
Bli med?
Fjøratreff drivast gjennom eit samarbeid mellom kommunen og frivillige; Frisklivssentralen, Psykisk helse og rus, Frivilligsentralen, Røde Kors omsorg, Bygdekvinnelaget, og andre frivillige. Me er heilt avhengige av samarbeid og frivillige krefter, har du også lyst til å bli med på laget blir vi glade om du tar kontakt! Om du ynskjer å bidra med program ein enkelt kveld (lære bort noko, dele ei historie, lage mat etc.) høyrer vi også gjerne frå deg!
Sist oppdatert
Kontakt
Kontakt helserådgjevar sjølv eller gjennom helsepersonell/NAV:
Tlf:
95893641
95303897
40434816
E-post: frisklivssentralen@sogndal.kommune.no
Sogndal:
Måndag – fredag: 08:00 – 15:15
Besøksadresse: Plassen 2 (Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje).
Leikanger
Måndagar/fredagar og torsdagar: 08.30-14.30
Besøksadresse: Ohnstadhaugen 17
Luster:
Måndag, onsdag og fredag: 08:30 – 15:00
Besøksadresse: Øyagata 16
(Friskhuset, 2.etasje)
