2.klasse på sopptur i skogen saman med fadrane i 7.

Torsdag 17.oktober fekk 2.klasse vera med fadrane på sopptur i trollskogen. Elevane plukka piggsopp som dei steikte saman i lag med kylling og purre. Saman med litt fløyte og krydder vart dette nydeleg pålegg som elevane åt på kvar si skive. Kjempeflinke fadderelevar! Dei hjelpte 2.klassingane med å finna rett sopp og matlaging på stormkjøken. Flott tur!
Sist oppdatert
Fann du det du var på jakt etter?
