Sogndal kommune held seg i toppen i kommune-NM 2025

Sogndal har markert seg som ein kommune i framgang og utvikling, og er i år rangert som nummer 15 av alle norske kommunar i årets kommune-NM.
Kommune-NM er ei årleg kåring frå NHO som måler kommunane på fem område: Næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.
Sogndal sine plasseringar på dei ulike områda:
- Arbeidsmarknad: 3. plass
- Kompetanse: 15. plass
- Demografi: 22. plass
- Kommuneøkonomi: 74. plass
- Næringsliv: 215. plass
Sogndal hadde 14. plass i fjor, og held seg dermed i toppen blant norske kommunar. Dette er eit resultat av langsiktig arbeid og samarbeid på tvers av sektorar.
Viss du vil sjå nærmare på resultata frå kommune-NM, finn du dei her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Gratulerer til alle sogndøler!
Sist oppdatert
Fann du det du var på jakt etter?
