Invitasjon til folkemøte: Ny skule og SFO i Sogndal sentrum

Skisse av skulebygg

Sogndal kommune har spennande nyheiter å dele, og vi ønskjer å invitere alle innbyggjarar til eit folkemøte om planane for den nye skulen og SFO i Sogndal sentrum. Dette er ei god moglegheit til å få innsikt i prosjektet og kome med dine eigne innspel!  

Tid: Mandag 22. september kl. 19.00 - 21.00
Stad: Sogndal hotell
Vi serverer kaffi, så kom gjerne litt tidleg for ein hyggeleg prat

Tema for møtet:

  • Prosessen fram til no
  • Gjennomgang av prosjektet
  • Vidare prosess og bygging

Dette møtet er ope for alle, og vi set stor pris på dine spørsmål og innspel. Vi ønskjer å høyre di meining og få til ein god dialog om framtida for skulen og sentrum.

Vel møtt til ein viktig og spennande samtale!

Har du ikkje høve til å møta opp, kan du følgja møtet digitalt. Sogndal kommune sender møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i videoruta under: 




Med venleg helsing,
Sogndal kommune

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?