Brukarutval i Sogndal kommune

Brukarutvalet for tenesta psykisk helse og rus i Sogndal kommune hadde møte den 8. oktober 2025.

Referat frå møtet finn du under utvalsmøte og saker Åpnes i nytt vindu..

Referat frå møtet 08. oktober 2025 Lenke til et annet nettsted.

Sogndal kommune har oppretta brukarutval for tenesteområda sjukeheim og heimeteneste, bu- og miljøteneste og psykisk helse- og rusteneste.

Møtetidspunkt, sakliste og referat for møte i utvala vert publisert på nettsida vår Åpnes i nytt vindu..
 

Utvala har behov for fleire brukarrepresentantar

Kriteria for å vere brukarrepresentant og medlem i brukarutval, er at du er tenestemottakar (pasient, brukar) eller pårørande.  

Brukarutvala skal sikre system for innhenting av erfaringar og synspunkt frå pasient, brukar og pårørande, og kommunen skal bruke dette i sitt forbetringsarbeid og utvikling av tenestene. 

Brukarrepresentantane er medlem av brukarutvalet for ein periode på 2 år. 
Brukarutvalet skal ha møte 3 gonger årleg. 

Ta gjerne kontakt med sekretær for utvala, Gunn Ragnhild Rimala, for meir informasjon.
Telefon: 91626119 
e-post: Gunn.Ragnhild.Rimala@sogndal.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?