Helsetorget er opna

Mange personar i treningsøkt

Dei frammøtte på opninga vart med på "Sterk og stødig

Onsdag markerte vi opninga av helsetorget på Sogndal helse- og omsorgssenter. 

Snorklipping.

Rune Haug,leiar i utval for levekår, stod for snorklippinga. (Foto: Benedicte Hole)

Mange tok turen for å feire opninga, og stemninga var god med både kake, kaffi og ei frisk "Sterk og stødig"-økt frå fysioterapeuten vår Kari Bergheim Hole.  Aina Esp Aleksandersen og Ane Sigrid Midtbø England er sjukepleiarane som skal jobbe på helsetorget på fulltid, i tillegg til ergoterapeut Johanne G. Mo som for tida er i permisjon. Dei står klare til å møte deg som ønskjer støtte til helse og meistring - på dine eigne premiss. På helsetorget får du:• rettleiing om aktivitetar og tenester i kommunen• samtalar og heimebesøk ved behov• hjelp til å finne rett tilbod – til rett tid• opplæring i velferdsteknologi og digitale løysingar• vidareformidling til frivillige og fagpersonar
To personar står ved ein rollup der det står Helsetorget.

Sjukepleiarane Ane Sigrid Midtbø England og Aina Esp Aleksandersen skal jobbe på helsetorget. (Foto: Benedicte Hole)


Mange veit ikkje kvar dei skal starte - helsetorget hjelper deg å finne vegen vidare. Tilbodet skal etter kvart utvidast til Leikanger og Balestrand. Det er opent for alle - også pårørande og tilsette.



Sjekk ut tenesteguiden vår. Denne er fortløpande under arbeid, kom gjerne med innspel til kva tilbod vi kan legge til!


Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?