Vaksinering hausten 2026

Foto: Mariann Skau
Sogndal kommune tilbyr i haust vaksine etter vaksenvaksinasjonsprogrammet i veke 47 og veke 48.
- Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til befolkninga om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper.
- I tillegg får 65-åringar tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.
- Tilrådinga frå FHI (Folkehelseinstituttet) om oppfriskningsdose for korona gjeld dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet viss dei sjølv ynskjer det.
Tidspunkt og stad
Vaksineringa finn stad i veke 47 og 48 (16.- 27. november), og det blir sett opp faste dagar for vaksinering i Sogndal, Leikanger og Balestrand i løpet av desse to vekene. Me kjem attende med informasjon om oppmøtestad, dato, tidspunkt og pris.
- Vaksineringa er for risikogrupper, og vaksinen er kjøpt inn rimeleg til dei.
- Andre friske som ynskjer vaksine, må gå til apotek eller legekontor.
- Kommunalt tilsette i risikogrupper som bruker tilbodet, betaler som vanleg.
- Helsepersonell skal så langt som råd få tilbod om influensavaksine på arbeidsplassen i arbeidstida. Leiarane har ansvar for det.
Barn som treng vaksiner, må kontakte helsestasjonen.
Kven bør ta influensavaksine?
Risikogrupper inkluderte i vaksinasjonsprogram:
Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir derfor influensavaksine tilrådd:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
• Barn og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
- kronisk hjarte-/karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
- diabetes
- kronisk alvorleg leversjukdom
- kronisk alvorleg nyresjukdom
- kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
- nedsett immunforsvar på grunn av sjukdom og/eller immundempande behandling, ved til dømes organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
- fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (til dømes Downs syndrom) og genetiske syndrom.
Influensavaksine – informasjon til befolkningen - FHI Lenke til et annet nettsted.
Kven bør ta koronavaksine?
Folkehelseinstituttet tilrår at følgjande grupper bør vaksinerast med ein oppfriskingsdose før haust-vintersesongen 25/26:
• Personar i omsorgsbustader og sjukeheimar
• Aldersgruppen 75 år og eldre
• Aldersgruppen 18–74 år som inngår i ei risikogruppe
• Aldersgruppen 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
• Aldersgruppen 6 månader –11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
Personer i alderen 65-74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det, sjølv om denne gruppa ikkje er inkludert i FHIs tilrådingar. Vidare er barn og unge som blir omfatta av FHIs tilrådingar inkluderte i vaksenvaksinasjonsprogrammet og skal få tilbod om koronavaksine.
Koronavaksine – informasjon til befolkningen - FHI Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
