Etter ein flott padletur til Jensbua (sjå tidlegare artikkel), var me klar for siste kvelden. Bassenget var ope, så ein heil gjeng valgte å ta seg ein dukkert der. Andre ting me har drive med "på fritida" er bordtennis (mykje), fotball, slengtau, prata, spelt spel, besøkt kvarandre på romma. 

Klokka åtte på kvelden var det duka for avslutning. Me improviserte eit moteshow der dei som ville det, kledde seg ut som kvarandre - skikkeleg tøft gjort! Vi song òg "Budleriggen og torevêr" for den andre skulen som var på leirskule samtidig med oss. Til slutt fekk me kake. 

Fredag morgon var det rydding, pakking og frukost før me reiste heim. Det var ein trøytt gjeng på bussen som var glade for å komme heim att :) 

Takk for ei super veke med kjekke elevar!  Me har kosa oss kjempemykje, og det håpar og trur me at alle elevane har gjort òg.