Mobbeombod

Mobbeomboda jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelja korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra.

Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det. ​Aina Drage og Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen i Vestland fylke.

Les meir om ombodet og korleis du kan ta kontakt på nettsida til Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.

 

Priser

 

Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar, jf. statsbudsjettet.

Betalingssatsane innan barnehage er fritekne for mva.

Maksimalsats for heil plass er kr 700.

PlasstypeForeldrebetaling Matpengar 
100 % plass700397
 80 % plass560373
 60 % plass420294

Prisar 2026

Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august. 

Syskenmoderasjon:
Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 100% moderasjon for barn nr. 3 og fleire

For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, tek syskenmoderasjonen utgangspunkt i den nye satsen for barn nr 1.

Plasstilbod for SFO:
- Heil plass med ferie: alle morgonar, ettermiddagar og feriedagar/inneklemde fridagar i SFO-året
- Heil plass eks. ferie: alle morgonar og alle ettermiddagar, eks. ferie
- Morgonplass eks. ferie: alle morgonar
- Ettermiddagsplass eks. ferie: alle ettermiddagar
- Ettermiddagsplass (to faste ettermiddagar per veke eks. ferie) 

Ferie vert definert som alle skuleferiar og inneklemde fridagar i SFO-året. SFO er feriestengd fire veker om sommaren. Ein betalar for 11 månader (årskostnad delt på 11 som gjev månadssum).

Betalingssatsar for SFO er fritekne for meirverdiavgift.

Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:

  • 12 timars gratis SFO for elevar på 1. - 3. trinn
  • Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. - 4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
  • Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. trinn

 

 

Prisar 2026

Type plassPris pr mnd
Heil plass inkl ferie3436
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)1770
   Matpengar317
Heil plass ekskl ferie3239
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)1573
   Matpengar317
Morgonplass ekskl ferie1231
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar0
Ettermiddagsplass ekskl ferie2205
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)538
   Matpengar317
To faste etterm. kvar veke ekskl ferie1231
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar192
Tre faste etterm. kvar veke ekskl ferie1552
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar237
12-timars SFO 8 - 151666
   1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.)0
   Matpengar317
Andre ferietilbod
Per veke916
Per veke barn med gratistilbod549
Per dag367
Moderasjonar
Barn 1Full pris
Barn 230%
Barn 3 og fleire50%
Reduksjon ved leksehjelp -30 per time

Foreldrebetalinga vert redusert med kr 30 per heil SFO-time for elevar som får gratis leksehjelp i SFO-tida.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Bilete av to damer som smiler inn i kameraet. Ho til venstre har kort, blondt hår og lys bluse, ho til høgre har brunt, halvlangt hår og lyst strikka skjerf.

Aina Drage (t.v.) og Hildegunn Hodneland er mobbeombod i Vestland. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Fann du det du var på jakt etter?