Mobbeombod

Aina Drage (t.v.) og Hildegunn Hodneland er mobbeombod i Vestland. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Mobbeomboda jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelja korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra.
Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det. Aina Drage og Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen i Vestland fylke.
Priser
Barnehage og SFO
Barnehage - Satsar foreldrebetaling
Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar, jf. statsbudsjettet.
Betalingssatsane innan barnehage er fritekne for mva.
Maksimalsats for heil plass er kr 700.
Prisar 2026
| Plasstype | Foreldrebetaling | Matpengar |
|---|---|---|
| 100 % plass | 700 | 397 |
| 80 % plass | 560 | 373 |
| 60 % plass | 420 | 294 |
Foreldre betalar for 11 månader i året, 4,5 månader i hausthalvåret og 6,5 månader i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad, første gong 15. august.
Syskenmoderasjon:
Barn 1: full pris
Barn 2: 30% moderasjon for barn nr. 2
Barn 3 og fleire: 100% moderasjon for barn nr. 3 og fleire
For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, tek syskenmoderasjonen utgangspunkt i den nye satsen for barn nr 1.
SFO - Skulefritidsording
Ein betalar for 11 månadar (årskostnad delt på 11 som gjev månadssum).
Betalingssatsar for SFO er fritekne for meirverdiavgift.
Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:
- 12 timars gratis SFO for elevar på 1. - 3. trinn
- Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. - 4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
- Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. trinn
Prisar 2026
| Type plass | Pris pr mnd |
|---|---|
| Heil plass inkl ferie | 3436 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 1770 |
| Matpengar | 317 |
| Heil plass ekskl ferie | 3239 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 1573 |
| Matpengar | 317 |
| Morgonplass ekskl ferie | 1231 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 0 |
| Ettermiddagsplass ekskl ferie | 2205 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 538 |
| Matpengar | 317 |
| To faste etterm. kvar veke ekskl ferie | 1231 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 192 |
| Tre faste etterm. kvar veke ekskl ferie | 1552 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 237 |
| 12-timars SFO 8 - 15 | 1666 |
| 1. og 2. klasse (3. klasse frå 1.8.) | 0 |
| Matpengar | 317 |
| Andre ferietilbod | |
| Per veke | 916 |
| Per veke barn med gratistilbod | 549 |
| Per dag | 367 |
| Moderasjonar | |
| Barn 1 | Full pris |
| Barn 2 | 30% |
| Barn 3 og fleire | 50% |
| Reduksjon ved leksehjelp | Kr -30 per time |
Foreldrebetalinga vert redusert med kr 30 per heile SFO-time for elevar som får gratis leksehjelp i SFO-tida.
Sist oppdatert
Kyrkjebakken barnehage