Velkomen til Sagatun barnehage

Sagatun barnehage ligg i Balestrand og har fire avdelingar.

Tigris og Kon Tiki er småbornsavdelingar og Ormen Lange og Saga Siglar er storbarnsavdelingar. 

Rundt oss har me flott og mektig natur som me har gleda av å nytta kvar dag. Balestrand har også ein spennande kulturhistorie som me gjer oss kjende med. Badelaguna, Balasletta og Kong Bele, flotte skogsløyper og stor fotballbane og klatrepark, dragehus og kunst er noko av det som me har rundt oss. Sentrum med butikkar, Hotell, akvarium er også få minuttar unna. 

Sagatun bhg er også ein Livsglede bhg. https://livsgledeforeldre.no/livsgledebarnehage/ Lenke til et annet nettsted.   Me går ofte på besøk til dei som bur på Helsetunet  og har med oss aktivitetar som me samarbeidar om å gjere. 

 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?