«Me er klare!» var beskjeden frå både administrasjon, politikarar og frivilligheit i publikum, så det er ingen tvil om at det er vilje til å realisere satsinga.

Fire solide innleiarar gav sine refleksjonar rundt satsinga. Helene Rønningstad Halsos, bloggar om Krykker i naturen, tok oss med til hennar ståstad som friluftsmenneske og krykkebrukar. Ho fekk verkeleg salen til å forstå verdien av å vera i naturen, og særleg når ein slit fysisk eller psykisk. Kva med å opprette lågterskel turgrupper? Korleis kan me legge meir til rette og informere betre?

Synne Aafedt Liljedal frå Frisklivssentralen heldt eit engasjert innlegg om kor viktig sysik aktivitet er, og korleis me skal gje utsette grupper eit betre aktivitetstilbod. Lisa Mari Watson frå Tverga, ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg, var neste innleiar. Lisa streka under kor viktig medverknad er for suksess og peika særleg på korleis me kan legge til rette for at uteområda ved skulane vert nytta utanom skuletida. Det var også siste innleiar, Atle Skrede frå Vestland fylkeskommune, oppteken av. Han gav oss også ei god innføring i finansiering og tilskotsordningar, så no kan me berre setta i gang!

Møtet vart filma av Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Les meir om temasamlingane om samfunnsplanen

Programmet for møtet «Skapt for aktiv livsstil»

18:00 Velkomen til temasamling – Torkjell Solbraa og Sigrid Ølmheim

18:10 Lokalsamfunn som innbyr til aktiv livsstil - Knut Roger Nesdal, næringssjef i Gloppen kommune

18:25 Ein kommune som mobiliserer til fysisk aktivitet – Synne Aafedt Liljedal, Frisklivssentralen i Sogndal kommune

18:40 Fjerne alle barrierar for fysisk aktivitet for utsette grupper - Helene Rønningstad Halsos, bloggar om Krykkjer i naturen

18:55 Stor breidde i organiserte og eigenorganiserte fysiske aktivitetstilbod – Lisa Mari Watson, Tverga, ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg

19:10 Best i landet på kvalitet og tilgjenge til rekreasjonsområde og anlegg for fysisk aktivitet - Atle Skrede, rådgjevar idrett og friluftsliv, Vestland fylkeskommune

19:25 Pause

19:30 Paneldebatt og spørsmål frå salen

20:50 Oppsummering og vegen vidare

21:00 Slutt