Når høgskulen opnar dørene denne veka, skal appen «Kva skjer?» vera verktøyet der nye studentar finn sosiale aktivitetar og anna informasjonen dei treng i byrjinga av skuleåret. 

– Studenthuset Meieriet gler seg veldig til å ta i bruk «Kva skjer?». Appen er eit godt steg for å synleggjera og vidareutvikla Sogndal sitt student- og kulturtilbod. Me håpar me kan få fram kven me er og vårt tilbod til alle, seier dagleg leiar ved studenthuset Meieriet, Astrid Johanne Eskeland. 

Appen, som Sogndal kommune no lanserer, vil i denne omgang innehalde ein aktivitetskalender og nyttig informasjon for bygda sine studentar. 

– Som arrangør, men òg medstudent, ser me fram til å få ei oversikt over kva bygda og høgskulen har å tilby både for nye og gamle studentar, men ikkje minst for resten av Sogndals befolkning, seier Eskeland. 

Studentsamskipnaden Saman og høgskulen er òg begeistra for prosjektet som kommunen no har teke initiativ til. 

– Det er eit stort behov for ei god oversikt over aktivitetar og arrangement ein kan delta på i kommunen. Svært mange av studentane i Sogndal er tilflyttarar, og ein slik app vil vere svært nyttig for å få fram alle tilboda som er i bygda vår. Eg trur dette er ein app alle studentane i Sogndal vil ha nytte av, seier marknadskonsulent ved studentsamskipnaden på Vestlandet, Tone Sandvik. 

–  Høgskulen ønskjer at studentane engasjerer seg i fritida, seier Øystein Backelin som er ansvarleg for studiestart på Campus Sogndal. 

– Sidan appen har aktivitetar for alle, kan det bli lettare å involvere studentar i det som skjer elles i kommunen. Kanskje appen òg kan hjelpa studentar som vil dra i gang nye aktivitetar med å få deltakarar? legg Backelin til. 

Kultur- og aktivitetskalender for alle 

Som grunnlag for prosjektet ligg fleire av satsingsområda i samfunnsplanen til kommunen. Gjennom innbyggarinvolvering og innspel frå råd, utval og frivilligheit har ein også fått innsikt i at dette er ei teneste det er stort behov for i heile kommunen.

- I dette prosjektet ynskjer me å legge til rette for at frivillighet, lag og organisasjonar skal lukkast med å nå ut med sine arrangement og aktivitetar. Samstundes blir dette ei teneste som vil gjere det mykje enklare for alle innbyggjarar å finne fram til fritidsaktivitetar som passar for dei. Slik kan me kanskje oppnå betre folkehelse, høgare trivsel og betre livskvalitet, slik samfunnsplanen vår tilseier at me skal jobbe mot, seier Bente Mossige Ask, teamleiar Digitaliseringsteamet i Sogndal kommune.  

Prosjektet si første fase er eit direkte svar på studentmeldinga som blei vedteke i mai, og det er flott at vi allereie no kan svare ut nokre av innspela frå studentane. Målet med studentmeldinga er jo mellom anna at Sogndal skal bli enda meir attraktiv som studiebygd, og denne appen vil vere eit godt hjelpemiddel for å finne aktivitetar og tilbod for både studentane, ferske tilflyttarar og alle vi som bur i kommunen. Det blir utruleg kjekt å ta “Kva skjer” i bruk, det vil dekke eit behov som har vore etterspurt frå mange hald, seier Kristin Rundsveen, Leiar i Utval for samfunnsutvikling. 

I fyrste omgang skal appen altså testast ut på studentane, men dette er berre starten på eit prosjekt som vil komma alle innbyggjarane i kommunen til nytte. 

– Planen er på sikt at alle arrangørar, frivillige og næringsliv, vil få logga seg inn på «Kva skjer?» og leggja inn sine arrangement, eller få desse automatisk henta inn. Då får me ein felles kultur- og aktivitetskalender for heile kommunen som alle innbyggjarane kan bruka, seier prosjektleiar Ingrid Annette Kristiansen, i Sogndal kommune. 

Ein plass må ein byrja, og tilbakemeldingane frå studentane blir viktige i det vidare arbeidet. 

– Fadderveka er ein ypparleg moglegheit til å skaffa lærdom om korleis me kan utvikla appen slik at den kan brukast til å løysa ei rekkje behov som innbyggjarane har, seier Kristiansen. 

Stavanger kommune har nyleg gjennomført eit liknande prosjekt som har resulterte i appen som heiter «Kulturkalenderen». Der finn ein informasjon om det som skjer i heile Stavanger.  

– I høve Gladmat-festivalen la dei all informasjon som publikum, fastbuande og turistar trengte under festivalen. På same måte testar me no ut dette i fadderveka, seier Kristiansen. 

Skreddarsydd for å møta innbyggjarane sine behov 

Prosjektet er eit innovasjonsprosjekt som blir gjennomført saman med leverandør Innocode. Og sjølv om løysinga som Sogndal kommune no nyttar, har blitt nytta av andre kommunar òg, skal det endelege produktet vera skreddarsydd til å svara på innbyggjarane og dei besøkande i bygdene sine behov. 

– Målet er å utvikla ei teneste som i størst mogeleg grad er tenleg både for eigen organisasjon, frivilligheit og næringsliv i kommunen, samstundes som den er intuitiv og brukarvennleg for innbyggjarane. Aktivitetskalenderen skal samle alle arrangement og aktivitetar frå både idrett, næringsliv, frivilligheit og kultur, seier prosjektleiaren. 

Planen er at Sogndal sin app etter kvart skal få meir funksjonalitet som skal løyse fleire av innbyggjarane sine behov. Når prosjektet held fram i haust vil andre kultur- og frivillige aktørar bli inviterte til å koma med innspel om kva dei treng i ein slik app.