Gode krefter har no gått saman om å starte demenskor i Sogndal og inviterer til korsong for personar med kognitiv svikt og demens.

Demenskoret på NRK har fått ei fantastisk mottaking og bidreg til auka openheit og forståing for personar med demens og deira pårørande. Musikk og samspel med andre er ein flott aktivitet for personar med demens og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring.  

Tilbodet i Sogndal er eit samarbeid med hukommelsesteamet, demensforeininga, dirigentar, frivillige og Sogndal kommune. Demenskoret skal vere eit lågterskeltilbod for personar med mild til moderat demens, og er eit prøveprosjekt fram til sommaren 2023 i fyrste omgang.  

  • Øvingsdatoar: Tysdag 2. mai, måndag 15. mai, tysdag 30. mai og måndag 12. juni

  • Tid: Klokka 17-19 

  • Stad: Kantina på Sogndal helse- og omsorgssenter 

  • Inkludert kveldsmat 

  • Tilbodet er gratis 

Påmelding

Vil du vere med i koret vårt? 
Påmelding til Elen Kristine Skildheim Otterhjell, tlf.  48 14 00 26 
e-post:elen.kristine.otterhjell@sogndal.kommune.no 

For meir informasjon 

Åse Elen Fosse, hukommelsesteamet, telefon 47 71 19 89 

Tine T. Seldal, avdelingsleiar Prestahagen, telefon 94 16 12 12 

Pårørande/følgjeperson 

Alle deltakarane på demenskoret må ha med ein pårørande eller ein følgjeperson på øvinga. Pårørande skal først og fremst vere der for kordeltakaren dersom han/ho treng noko assistanse og syte for transport til/frå øvinga. Alle som deltek får kveldsmat. 

Er du interessert og engasjert i musikk eller lyst å bidra som frivillig korvert? Ta kontakt med ein av oss! 

Hjarteleg velkomen!