Sogndal kommune deler no ut sjølvtestar i avgrensa tidsrom fleire stader i kommunen, i tillegg til at du kan få utdelt sjølvtestar på legekontora.

Det er viktig at me har nok sjølvtestar til dei som treng testane, og kommunen følgjer dei nasjonale retningslinjene for kven som kan få gratis test.

Dei som kan få utdelt gratis koronatestar frå kommunen, er:

  • Personar med symptom som skal avklara om dei er smitta.
  • Personar som skal testa seg fordi det er smitte i husstanden eller hjå nær venn.

Dersom du ynskjer å ha testar som du kan bruka i andre tilfelle enn dei som er skildra over, kan du få kjøpt sjølvtestar på apotek og enkelte andre butikkar.

Informasjon om kvar og når du kan henta sjølvtest: Her kan du få utdelt sjølvtestar - SOGNDAL KOMMUNE