Vedtak i kommunestyret 23.06.2022 

«Detaljreguleringsplan for bustader Kaupangsvegen 17 gbnr 105/58 m.fl. 

  • plankart dagsett 20.05.2022 
  • føresegn dagsett 30.05.2022 

vert med heimel i plan og bygningslova §12-12 vedteken med følgjande endringar: 

1. Støttemurar skal opparbeidast i naturstein ved at føresegn 2.2.2 endrast til:  
«Fasade på alle støttemurar som er synlege frå båndleggingssone H730_1 i arealdel til kommuneplan skal opparbeidast i naturstein.» 

2. Krav til universell utforming i uteareal konkretiserast ved at siste setning i føresegn 3.4 endrast til:  
«For universelt utforma bueiningar skal tilstrekkeleg del av kravet til privat uteopphaldsareal løysast direkte frå inngangsplanet, jmf. TEK 17 § 12-2 pkt. 3.» 

3. Fjernverknad innarbeidast ved at føresegn 2.2.1 endrast til: «Bygg, anlegg og uteområde skal ha ei god arkitektonisk utforming med sikte på å oppnå ein estetisk heilskap når det gjeld fjernverknad, volum, proporsjonar og skala både i seg sjølv og i forhold til omgjevnaden.» 
 

Om innhaldet i reguleringsplanen  

Planområdet omfattar området vist på kartutsnittet:

 Kartutsnitt Kaupangvegen

 

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for å nytta eigedommen til totalt 5 bustader (gult) som kan byggjast i to byggetrinn. Det er også krav om opparbeiding av leikeplass (grønt), tilkomstveg (grått) og naudsynte tiltak for å sikre området mot skredfare.  

Innsyn i dokumenta til reguleringsplanen 

Reguleringsplanen vert vedteken med endringar i føresegn. Last ned oppdaterte føresegner i tråd med vedtaket.

Alle dokument kan lastast ned frå innsyn i politiske saker. Vel sak PS 24/2022: Reguleringsplan for Kaupangsvegen 17 - 2. gongshandsaming og vedtak, og klikk på vedlegg og dokumentet du vil sjå.

Det er berre føresegn og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan. Illustrasjonar viser berre eksempel på korleis ein kan utvikle området.
I «hovuddokument» kan du lesa kommunen si vurdering av saka. I «saksprotokoll» finn du sjølve vedtaket.  

Ta kontakt med innbyggjartorget i Sogndal dersom du ynskjer utskrifter av føresegner og planomtale eller kopi av dokument. Fram til 12. august er opningstida 10:00-14:00. Elles er opningstida 09:00-15:00. 

Eventuelle klager 

Fristen for å klaga på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 27. august 2022, tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort i Sogn Avis. 

Klagen skal vera grunngjeven og klagar må spesifisera kva klagen gjeld og kva endringar klagar ynskjer. Dersom du klagar så seint at det kan vera uklårt om klagefristen er gått ut, ber me om at du gjev opp når vedtaket kom fram. Sakshandsamar kan gje rettleiing om framgangsmåten ved klage. 

Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.  

Etter at klagefristen er ute, vil me orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klager på vedtaket.  

Erstatning/innløysing 

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.