Planområdet

Planområdet er ca. 1,7 daa inklusiv areal i sjø, ligg i Mundal sentrum i Fjærland, Sogndal kommune. Arkitektkontoret A38 utarbeider detaljreguleringsplanen på vegne av Jarle og Johannes Eggen Mundal. 

Figur Fjærland fjordhytter.JPG

Føremålet 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for eit mindre turistanlegg med fjordhytter, eit lite kaianlegg med småbåtar, kajakk og flytande sauna. Det er planar om oppføring av 2 nye bygningar; ei fjordhytte og eit naust med studiolelegheit på loftet og ominnreiing av eksisterande naust til to utleigeleilegheiter. Totalt 4 utleigeleilegheiter. Eksisterande uthus, lager/garasje og brannstasjon er tenkt bevart. 

Sogndal kommune har i møte 01.02.2021 tilrådd igangsetting av planarbeidet. Førebels reguleringsføremål som det kan vere aktuelt å arbeide vidare med er fritids- og turistføremål med tilhøyrande føremål i sjø og vassdrag (utleigehytter/leilegheiter, naust og kai/flytebryggeanlegg), og næringsbebyggelse/lager med bandleggingssone bevaring (eksisterande garasje, brannstasjon og serielageret). 

Planstatus

Arealdel til kommuneplan legg til rette for bebyggelse og anlegg, og planinitiativet er i tråd med denne. Planområdet er per i dag regulert av ein eldre reguleringsplan: Mundal sentrum, del 2, vedteke 21.10.1993. Plan ID: 1420-1993008. Detaljreguleringsplanen vil delvis erstatte denne. 

Konsekvensutgreiing

Det er vurdert at planarbeidet ikkje fell inn under forskrift til konsekvensutgreiing sitt verksemdsområde. Sogndal kommune stettar denne vurderinga. 

Merknader

Merknader kan sendast til: arkitektkontoret A38, postboks 314, 6852 Sogndal, eller på e-post til post@a38.no innan 3.03.2021

Vidare saksgang

Når framleggsstillar har utarbeidd eit komplett framlegg til detaljreguleringsplan skal denne sendast til Sogndal kommune for 1.handsaming. Då vil eventuelt Plan- og forvaltningsutvalet vedta å leggje planen ut til offentleg ettersyn i 6 veker. I denne perioden er det mogleg å kome med merknader til detaljreguleringsplanen. Etter fristen er ute vert det gjort eventuelle justeringar i planen før den vert sendt til slutthandsaming i kommunestyret. 

Kontakt

Om du har spørsmål om planarbeidet kan du ta kontakt med: 
Rolf Sande, tlf: 917 09 083, e-post: rolf.sande@a38.no

Dokument i saka