Vedtak i plan- og forvaltningsutvalet 15.06.2022

Plan- og forvaltningsutvalet legg framlegg til detaljreguleringsplan for Fjærland fjordhytter og spa (plan-id: 464020210001), med plankart og føresegner, ut til offentleg ettersyn og høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Med følgjande supplering til føresegn:

  1. Omriss av planlagd bebyggelse og konstruksjonar er vist i plankartet med ei nøyaktigheit på +/- 2 meter. 
  2. Kledning på nye tiltak på land skal bli måla i ein historisk forankra fargepalett. 
  3. Strandlina skal sikrast i byggefasen, slik at massar ikkje blir førde ned mot sjøen. 

Med følgjande supplering til plankart: 

  1. Byggegrense mot sjø må inngå i teiknforklaringa. 

Plandokumenta skal rettast i samsvar med vedtak før kunngjering.

Kort om planen

Plankonsulent Arkitektkontoret A38 har på vegne av framleggsstillar, Fjærland Guiding AS ved Jarle Mundal og Johannes E. Mundal, utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for Fjærland fjordhytter og spa. Føremålet med planen er å legge til rette for næringsverksemd innan reiselivet, ved å bygge hytter for utleige og eit kaianlegg med flytande sauna og småbåtar.

illustrasjon.JPG

Merknadar til planarbeidet

Plandokumenta er retta i samsvar med vedtak og er no sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Du kan no kome med merknader til innhaldet i reguleringsplanen. Det er føresegner og plankart som er juridisk bindande i ein reguleringsplan, dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eksempel på korleis ein kan utvikla området.

Plandokumenta ligg tilgjengeleg på arealplaner.no og her:

Merknadar til reguleringsplanarbeidet kan rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal
innan 22.02.2023.

Når fristen er ute, tek kommunen saka opp til politisk handsaming med dei merknader som har komme inn. 

Har du spørsmål?

Spørsmål og andre førespurnader om reguleringsplanen kan rettast til:
Plankonsulent: Rolf Sande v/ Arkitektkontoret A38 rolf.sande@a38.no
Arealplanlegger: Birgitte Eitrem Landmark Birgitte.Eitrem.Landmark@sogndal.kommune.no