Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for Granden 25 og 27 i medhald av plan- og bygningslova § 12-12.


Kort om planen

Plankonsulent iVest Consult og Aaland Arkitektkontor har på vegne av tiltakshavar Granden 25 AS utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for Granden 25 og 27. Føremålet med planen er leggje til rette for kombinert føremål bustad/næring/forretning, som ein ombygging av
eksisterande bygning. Framlegget legg opp til vidareføring av dagens bruk (Sivilforsvaret) i første etasje, og opnar for 2 bustadetasjar over. Det skal opparbeidast minimum 8 bueiningar.
 

Eventuelle klager

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar i planområdet varsla, og planvedtaket vert kunngjort i Sogn Avis 15.05.2021.
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 sett til 05.06.2021. 
Eventuell klage må fremjast skriftleg og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal. 
 

Dokument