Planområdet

Området som skal regulerast ligg på Hanahaug, Leikanger. Planområdet femnar om eigedomane med gbnr 211/1, 210,36, 210/10, 210/28, 210/46, 210/41, 210/37, 211/3. Planområdet er på ca. 13 daa. Området har vore nytta som gamal ferjekai, og elles er det bustader, parkering og anna veggrunn i området.

Kart Hanahaug brannstasjon

Føremålet

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for brannstasjon med tilhøyrande parkering. Det vert lagt til grunn at køyretilkomst til brannstasjon skal leggast frå eksisterande avkøyrsle til området. Veg og avkøyrsle er teke med i avgrensinga for å trygge siktsoner og at veg skal innfri krav til utrykkingskøyretøy.

Planstatus

Planområdet er omfatta av, og vil delvis erstatte den eldre reguleringsplan, Hanahaug sentrum, vedteke 07.12.1973. Arealet er i denne reguleringsplanen avsett til forretningar – hotel (sentrumsfunksjonar) og vegar – trafikkareal. I arealdelen til kommuneplanen er aktuelt areal sett av til kombinert bebyggelse og anleggsføremål.

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar 

Innspel til planarbeidet

Innspel som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til Sogndal kommune pre e-post: postmottak@sogndal.kommune.no eller Postboks 153, 6851 Sogndal.

Frist for innspel er sett til 15.03.2021

Planprosess

Når Sogndal kommune har utarbeidd eit komplett planframlegg vert 1.handsama i plan- og forvaltningsutvalet, som kan vedta å leggje planframlegget ut til offentleg ettersyn og høyring i 6 veker. I høyringsperioden kan rørde partar kome med merknader og innspel. Når høyringsperioden er slutt vert planframlegget eventuelt justert, og til slutt 2.handsama. Då vert planframlegget fyrst handsama av Plan- og forvaltningsutvalet og til slutt Kommunestyret som skal gjere det endelege vedtaket.

Dokument

Notat: Referat frå oppstartsmøte