Kommunestyret vedtek følgjande framlegg til detaljregulering i samsvar med plan- og bygningslova
§ 12-12:

Detaljreguleringsplan for Togjerdet
- plankart dagsett 04.10.2019
- føresegn dagsett  13.02.2020.

Kort om planen

Plankonsulent Archus Ariktekter AS fremjar på vegne av framleggsstillar Statnett SF planframlegg for eit område på 38 daa. Planområdet er lokalisert langs rv. 55, mellom Fardal og Ylvisåker og omfatter i hovudsak eksisterande nedlagd trafostasjon og bukkar for fjordspenn i Fardal. Planområdet femnar om gbnr. 79/30, 79/29 og 79/52.
Hovudføremålet er å leggje til rette for bygging av felles oppmøtestad for Statnett si stasjon- og linjeavdeling.
Tiltaket skal sikre verksemda rimelege utvidingsmoglegheiter.
Planen inkluderer tiltak som knyt utbyggingsområdet til eksisterande rv. 55. Areal regulert til næringsbebyggelse omfattar eigedomane som Statnett i dag nyttar til dette føremålet.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla, og planvedtaket blir kunngjort i Sogn Avis 25.04.2020.
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 18.05.2020.
Eventuell klage må fremjast skriftleg og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.
Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.
Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Dokument i saka