Sidan tysdag 16.03 har totalt 8 personar (2 vaksne og 6 elevar) med tilknyting til Kaupanger skule testa positivt på covid-19. Det er rundt 70 elevar som er i karantene, i tillegg til fleire tilsette. Heile 3., 6. og 8.klasse, i tillegg til nærkontaktar i dei fleste andre klassane.

Sogndal kommune har, saman med Kaupanger skule, vurdert om det er mogleg å gjennomføre skuledrift med raudt nivå frå måndag 22.03. Det er ikkje grunnlag for å stenge skulen etter smittevernlova, då utbrotet framleis er lokalt og relativt avgrensa. Dette er i tråd med råd får lokale og nasjonale helsemyndigheiter. Den nasjonale vurderinga er at det er viktig at barn og unge har eit tilbod på skulen, med eit fagleg og sosialt fellesskap med andre born. Dette er ei vurdering som Sogndal kommune deler, og som vi har lagt til grunn i våre vurderingar.

Samstundes må skulen og skuleeigar vurdere om skulen kan driftast forsvarleg med så mange elevar og tilsette i karantene. Vi har vurdert ulike alternativ. Konklusjonen er at det vert digital heimeundervisning på Kaupanger skule frå måndag 22. til fredag 26.03.

l og med at mange elevar og tilsette er i karantene, så vil det vere vanskeleg å ha vaksne til å følgje opp elevar som har krav på heimeundervisning, samstundes som mange elevar også skal vere fysisk på skulen. Det vil også vere krevjande å sikre at smittevernreglane på skulen vert følgt. Kommunen si vurdering er difor at det samla sett vil vere best å gje digital heimeundervisning i denne perioden der så mange av dei som er knytt til skulen er i karantene.

Skulen har arbeidd med å få oversikt over elevar som har føresette med samfunnskritisk funksjon, eller elevar som av andre grunnar har behov for å vere fysisk på skulen. Dei som har slike behov vil få eit tilbod på skulen også kommande veke. SFO vil då kun vere ope for desse elevane.

Sidan smittetilfella er avgrensa til Kaupanger, vil dei øvrige skulane i Sogndal kommune drifte vidare på gult nivå. Alle skulane vil sjølvsagt ha stort fokus på smittevernreglane, innanfor gult nivå.

Sogndal kommune set stor pris på innsatsen frå elevar, føresette og tilsette i arbeidet med å handtere situasjonen vi står i.