Eigedomsskatteliste

Eigedomsskatteliste for 2022 var lagd ut til offentleg ettersyn i 4 veker frå 28. februar på følgjande stader:

  • Innbyggartorget på kommunehusa i Sogndal, Leikanger og Balestrand
  • Sogndal bibliotek
  • Fjærland busenter

Eigedomsskatten er utskriven etter eigedomsskattelova § 3 a.

Skattesatsar for 2022

For bustadeigedomar og fritidseigedomar i Sogndal og Leikanger er eigedomsskatten skriven ut med kr 2,60 for kvar kr 1 000,- i takstverdi (2,6 promille). For bustadeigedomar og fritidseigedomar i Balestrand er eigedomsskatten skriven ut med kr 1,72 for kvar kr 1 000,- i takstverdi (1,72 promille).

Kommunestyret har vedteke, i samsvar med eigedomsskattelova § 13, at skattesatsen i Balestrand for bustadeigedomar og fritidseigedomar skal aukast til 1,72 promille for skatteåret 2022 og til 2,6 promille i skatteåret 2023. Frå og med skatteåret 2023 vil det altså vera lik skattesats for bustadeigedomar og fritidseigedomar i heile kommunen.

For alle bustadeigedomar og fritidseigedomar utgjer eigedomsskattegrunnlaget 70 prosent av skattetaksten for slike eigedomar, jf. eigedomsskattelova § 8 A-2.

Eigedomsskatten er skriven ut med kr 7,- for kvar kr 1 000,- i takstverdi (7 promille) for næringseigedom, energianlegg (kraftanlegg og kraftnettet), naust, tomter (bustad, fritid, næring og naust) og særskilde skattegrunnlag (jf. overgangsregel i eigedomsskattelova).

Kommunen har vedteke at for alle bustadeigedomar som får fastsett bustadverdi (formuegrunnlag) frå Skatteetaten, så skal slik bustadverdi nyttast for eigedomsskatten. Slike bustadeigedomar har difor ikkje vorte kommunalt takserte.

Betalingsfrist

Kommunal fakturering av eigedomsskatt for 2022 skjer i to terminar:

  • 1. termin med forfall 15. april
  • 2. termin med forfall 15. oktober

Klage på eigedomsskatten

Klagefrist på utskriven eigedomsskatt 2022 er innan 6 veker etter at eigedomsskatteliste vert lagd ut til offentleg ettersyn, det vil seie innan 12. april 2022.

Det er viktig at du sender klagen til rett klageinstans:

Klage på eigdomsskattegrunnlaget for bustadeigedomar med bustadverdi fastsett av Skatteetaten, må rettast til Skatteetaten (kontakttelefon: 800 80 000).

Klage på kommunalt takserte skatteeigedomar skal sendast skriftleg til Sogndal kommune ved eigedomsskattekontoret, helst på e-post, men du kan også klaga per brev:

​E-post: postmottak@sogndal.kommune.no

Postadressse:
Sogndal kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 153
6851 Sogndal