Vedkomande er elev i 3. klasse ved Kaupanger skule og har vore i karantene som nærkontakt. Klassen blir sette i karantene, og skal testast laurdag, både med ordinær test og med hurtigtest.

- Det er framleis eit lokalt, avgrensa utbrot med kjend smitteveg. Men dess fleire som er smitta, dess fleire kan bli smitta, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Totalt er det no 6 som har fått påvist smitte på Kaupanger, og 77 nærkontaktar er i karantene. Det er framleis testar det ikkje er kome svar på.

- Me planlegg for å kunne driva Kaupanger skule på raudt nivå frå måndag. Men dette kan bli endra, og det kan koma ny informasjon om skulen og SFO i løpet av helga, seier kommunalsjef oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen.

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.