Two pupils in grade 8 have tested positive 

Du mokiniai iš 8klasės gavo teigiamus koronos atsakymus 

اثنان من الطالب في الصف الثامن أظهرت نتائج إيجابية .

2 ተምሃሮ 8 ክፍሊ ብክሮና ተለኪፎም

To elevar i 8. klasse ved Kaupanger skule har testa positivt på korona. Den andre vart testa som nærkontakt av den første.

Fredag kveld vart det også kjent at ein elev i 3. klasse ved Kaupanger skule har testa positivt på korona. Alle elevane i 3. klasse og 8. klasse er sette i karantene. Dei vart testa laurdag. Alle som var på korpsøving på Kaupangar tysdag vart også testa. Familiane blir sette i ventekarantene til resultatet frå testane er klare. Også elevane i 6. klasse er i karantene.

- Utbrotet er framleis å karakterisera som eit lokalt, avgrensa utbrot med kjend smitteveg, og me har ikkje påvist tilfeldig smitte i samfunnet, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Kriseleiinga går ut med følgjande tilråding frå kommunen:

  • Kommunen oppmodar lag og organisasjonar i Sogndal kommune om å utsetja/avlysa arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper innandørs.
  • Kommunen oppmodar folk om å bruka munnbind der det er vanskeleg å halda avstand.

Kriseleiinga har laurdag vedteke å avlysa alle kommunale arrangement fram til 29.03.21. Dette vert gjort for å vera føre var i ein uavklart situasjon med aukande smitte i kommunen.

Dette gjeld

  • alle kommunale arrangement for publikum
  • alle arrangement og kinoar i Sogndal kulturhus
  • felles arrangement og møteplassar på frivilligsentralane, som LF Riverdal møteplass

Bibliotek og frivilligsentral vil ha ope med ordinær drift, men med forsterka smittevern. Kulturskulen si individuelle undervisning går som vanleg, men at dei fleste grupper, som Krudlalaget, er avlyste denne veka.

Over 70 elevar ved Kaupanger skule er no sette i karantene.

- Det blir digital heimeundervisning for Kaupanger skule neste veke, seier kommunalsjef for oppvekst, Ole Gunnar Krakhellen.

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.

Rett bruk av munnbind