- Smittesporinga har kartlagt at smitten kjem frå ein annan kommune, og me har ikkje funne nokon samanheng med utbrotet på Kaupanger skule, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Nærkontaktane blir sette i karantene og må testa seg. Det gjeld alle elevar og lærarar på yrkessjåfør-linja på Kaupanger, til saman 30 personar.

I samband med utbrotet ved Kaupanger skule, der 8 personar har testa positivt på korona, gjekk kriseleiinga i kommunen laurdag ut med følgjande tilråding:

  • Kommunen oppmodar lag og organisasjonar i Sogndal kommune om å utsetja/avlysa arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper innandørs.
  • Kommunen oppmodar folk om å bruka munnbind der det er vanskeleg å halda avstand

Informasjon send ut frå Sogndal vidaregåande skule til elevane

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.