Totalt har no fem personar knytt til 6. klasse fått påvist smitte. 59 nærkontaktar er sette i karantene. Fleire vil bli testa fredag, også med hurtigtestar.

- Det var rett å setta denne klassen i karantene, og det var ikkje uventa at me kunne få fleire smitta i denne gruppa. Me er spente på kva prøvesvar me får dei næraste dagane, det vil visa om det er eit avgrensa utbrot eller om det er noko større, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Etter at to personar med tilknyting til klassen hadde testa positivt på korona, vart alle elevane i 6. klasse og tilsette ved skulen testa onsdag ettermiddag og kveld. Torsdag har 129 personar vorte testa for koronasmitte i kommunen. Fem nærkontaktar til personar som er smitta, vart hurtigtesta, alle fem var negative.

Kaupanger skule har vore stengd torsdag og vil også vera stengd fredag.

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.