Du kan ta kontakt på koronatelefonen etter 15. august: 57 65 28 00 (ope måndag, tysdag og fredag klokka 09-14), så får du tilbod om time for vaksinering.

Det er viktig at studentar takkar nei til tilbodet om vaksinering i kommunen dei er folkeregistrerte i, dersom dei ikkje kjem til å ta vaksinen der.

Folkehelseinstituttet oppfordrar alle studentar til å nytta seg av tilbodet om første dose koronavaksine i den kommunen dei er folkeregistrerte, sjølv om det inneber reise. Dette er den raskaste måten å få første vaksinedosen. 

Hugs at det er viktig for best mogleg beskyttelse å ta begge dosane.