FAU ved Kaupanger skule skal vera foreldra sitt talerør inn mot skulen, kommunen og i saker som gjeld skulen og skulekretsen. I skuleåret 21-22 har FAU engasjert seg i alt frå utviklinga av Kaupanger skule til trafikktryggleiken og arealbruken som omfattar skulevegar m.m. i heile Kaupanger skulekrets. Årsmeldinga som er vedlagt viser det vi jobbar med. Det kan vera bra å ta ein kikk på denne for alle som bryr seg om skulen og ungane sin kvardag på og rundt skulen. Årsmeldinga kan også gi eit innblikk i kva foreldre kan ta kontakt med oss i FAU om.

FAU 2021-22 bestod av Helge-Øystein Feigum, Gidrun Heggestad, Linda Moen Rebni og Trude Ramstad, i tillegg til underteikna. I år takkar vi av Rebni og Ramstad, og på val til nye medlemmer i FAU for neste to år er Solveig Løkkebø og Ida-Beate Mølmesdal. Ta kontakt med ein av oss eller klassekontaktane dersom det er noko du vil drøfte (eller bruk epost: FAUKaupangerSkule@sogndal.kommune.no ).

Med vennleg helsing FAU-leiar Stein Joar Heglan

Årsmelding frå FAU 2021/22 vert sendt føresette i Visma