Me starta med å sjå den nye filmen som dei har laga om Jostedalsbreen. Deretter var det klimautstilling og quiz i museet. Mange lærte mykje dei ikkje visste frå før. 

Etter quizen skulle me på tur til Supphellebreen, noko som viste seg å vere vanskelegare enn venta då bussen vår ikkje starta. Heldigvis kunne ein anna buss hente oss og køyre oss til Supphellebreen der me fekk sjå på breen, og me fekk høyre fleire historier om mellom anna Kalda-Kari og Store-Bøyen. 

Til slutt vanka det is ved museet. Takk for oss!