Det er planlagt ei bru over Esefjorden noko vest for sentrum i Balestrand. Nord for Esefjorden kjem brua inn i området Presthola/Gjerdsviki. Det vil bli gang- og sykkelveg over brua. Etter høyringsperioden vert reguleringsplanen eventuelt revidert og deretter lagt fram til vedtak hos politikarane.
Merknadsfristen er sett til 16.06.2023. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
- Informasjonsmøte vert halde på Kviknes hotell
tysdag 23.05.2023 kl. 19:00.
Adressa er Kviknevegen 8.
- Det vert opne kontordagar på Holmatunet
onsdag 24.05.2023 kl. 10-20 og torsdag 25.05.2023 kl. 10-15.
Adressa er Holmen 11, same inngang som Joker, lokalet finn du i 2. etasje.
Det er også mogleg å avtale møte med Sogndal kommune og Vestland fylkeskommune om saka for dei som har behov for det.
Følgjande vedtak vart fatta i plan- og forvaltningsutvalet 22.03.2023:
«1. Plan- og forvaltningsutvalet legg framlegg til detaljreguleringsplan for Fv. 55 Bru over Esefjorden, med plankart dagsett 13.02.2023 og føresegner dagsett 13.02.2023, ut til offentleg ettersyn og høyring i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.
Grunngjeving for vedtaket: Tryggare samferdsleløysing med bru og tilhøyrande areal på land er prioritert og i hovudsak i tråd med vedteken kommunedelplan. Plan og forvaltning støttar hovudgrepa i planframlegget. Me vurdera det mottekne planmaterialet til å vere tilstrekkeleg utgreidd og ha tilfredsstillande kvalitet til å sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn.»
Om innhaldet i reguleringsplanen
Føremålet med planen er å leggje til rette for ei bru over Esefjorden som skredsikring av fv. 55 lengre inn mot Esebotn. Detaljreguleringsplanen byggjer på ein kommunedelplan som Balestrand kommune vedtok i 2017.
Planområdet ligg i Balestrand og omfattar området vist på kartutsnittet:
Sjå reguleringsplanen for brua i kartvisning. Zoom inn til Esefjorden, vel kartlag oppe til venstre og deretter kan du velje planar under arbeid.
Informasjon om planarbeidet
Alle dokument finn du i den politiske saka, trykk vidare på Detaljregulering for Fv. 55 Bru over Esefjorden, velg vedlegg og vel dokumentet du vil sjå. I hovuddokument (saksutgreiing) kan du lese kommunen si vurdering av saka. I saksprotokoll finn du sjølve vedtaket.
Det er berre føresegner og plankart som vert juridisk bindande i ein reguleringsplan, og dette er difor dei viktigaste dokumenta. Illustrasjon er berre eit eksempel på korleis ein kan utvikle området.
Du finn også plandokumenta i papirformat på administrasjonslokala i Balestrand, Leikanger og Sogndal.
Du finn også informasjon på Vestland fylkeskommune si heimeside
Her kan du også sjå 3D-modell av brua.
Merknadar til planarbeidet
Merknader til reguleringsarbeidet må rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal, seinast 16.06.2023. Ta gjerne kontakt om noko er uklart.